Velkomen til Harvehaugen

Kennel Harvehaugen

Vi er ein familie på fire som bur i Vestre Slidre i Valdres, og som driv litt i det små med oppdrett av Norsk Elghund Svart. 

 

 

Er du interessert i kvelp eller berre ynskjer å slå av ein prat, er du velkomen til å ta kontakt !

 

Sverre Høyvik, 2966 Slidre, 

Tlf. 61 34 34 44 

Mobil: 971 96 057

 

NB ! Ny E-mailadresse:

 

sverre@harvehaugen.no

 

SSFf Maija av Harvehaugen     Aila av Harvehaugen     Springen's Sara     Forrige kull 

 

 

20.12.13:

GOD JUL TIL ALLE FRÅ HARVEHAUGEN !

 

Endeleg eit lite livsteikn på heimesida til Harvehaugen ! Det er vel kanskje ikkje nokon som gidd å sjå innom her sidan det aldri skjer noko, men i tilfelle nokon skulle sleive innom ved eit uhell: Her kjem ein ørliten rapport :

Året har vore godt for Harvehaugen, og det har vi mange dyktige og ivrige kvelpekjøparar å takke for, både når det gjeld det siste kullet og tidlegare kull. Eit av årets høgdepunkt på hundefronten var utstillinga på Elverum i august, der fem av kvelpane frå siste kull møtte opp. Det var både sosialt og triveleg for to- og firbeinte, ikkje minst takka vere Per Tony og familien som inviterte heile gjengen på "etterpålag" etter utstillinga. Resultata på utstillinga var gode, og det sosiale samværet etterpå like godt og kanskje nyttig for nokon og einkvar. Her kjem nokre bilete:

 

 

 

 

 

 

Av dei 9 kvelpane i det siste kullet er det til no 7 som har vorte stilt på utstilling, og av dei har 3 oppnådd "excellent" med CK og resten "very good".

I tillegg er det 3 som har stilt på jaktprøve før dei har fylt året, og 2 har oppnådd imponerande 2.premiar og utrulege Messi i Mo i Rana med 1.premie på fyrste forsøk i ein alder av 9,5 mnd ! Dessutan er det i alle fall ein av dei andre som er fullverdig godkjent ettersøkshund allereie.

 

Her kjem eit bilete av Staut av Harvehaugen med førar Lars etter ei flott innpåstilling i august som vart etterfylgt av meir enn ein times stødig sporing der oppdrettar hadde gleda av å "ligge på hjul" - imponerande :-)

 

    

 

Sjølv om mykje handlar om kvelpar og unghundar og siste kull, har vi også ein del kontakt med ein del av dei tidlegare kvelpekjøparane.

Fant av Harvehaugen frå forrige kullet til Maija stilte på jaktprøve for fyrste gong i haust i lag med sin eigar, og også dei gjekk til 1.premie på fyrste forsøk. Dermed har 4 av kvelpane frå forrige kull (9 kvelpar) oppnådd 1.premie på bandhundprøve. Her er eit bilete av "ekvipasjen" frå april 2010:

 

 

Frå same kullet tek vi nedanfor med eit bilete av Black Taiga av Harvehaugen med stolt eigar, då dei svinga innom Valdres i sommar etter å ha vore på Dombås og henta sitt tredje Cert, slik at tittelen som Norsk Utstillingschampion var sikra. Vi gratulerer ! 

 

 

Gratulasjonen går også til Ask av Harvehaugen frå fyrste kullet til Maija som i år fekk sin 1.premie på jaktprøve, og dermed sin velfortente tittel som Norsk Utstillingschampion. Ask er dermed den fjerde med 1.premie på bandhundprøve frå 1.kullet til Maija (7 i kullet). 

Ask har også gjort det strålande på fleire blodsporprøver, og fekk i sommar sin 3. fyrstepremie på blodspor og dermed også tittelen som Norsk Viltsporchampion ! Her eit bilete frå ei utstilling i Sogndal i 2010, der Ask vart Best i Rasen av over 20 svarthundar:

 

 

Til slutt i denne omgang eit bilete av elguksen far i huset skaut på lokk i haust, utan bruk av hund. Det var no stas likevel ;-)

 

 

 

25.03.13:

GOD PÅSKE TIL ALLE FRÅ HARVEHAUGEN !

Det seiest at jula varar heilt til påske ! På heimesida vart det i alle fall slik denne gongen. Etter tre månaders "parkering" kjem det endeleg litt bilder og litt nytt. Alle kvelpane utanom Linka som vi har behalde sjølve, vart levert i løpet av januar. Dei fleste vart henta ved åtte vekers alder, men "Ibsen" eller "Labben" eller Staut av Harvehaugen som han no heiter, var hjå oss til han var 11 veker. Då var han god som ny, og klar til å flytte til nabokommunen Vang. Sidan han bur så nær oss, har vi hatt ein god del kontakt etterpå. Vi takkar elles for alle gode og positive tilbakemeldingar frå alle kvelpekjøparane som har gjort sitt for at kvelpane skulle få ein god overgang til sine nye liv i sine nye familiar. Vi har inntrykk av at dette har gått veldig bra for alle, og at kvelpane for lengst er i godt gjenge i sine nye heimar. Det er alltid mykje arbeid med kvelp i huset, men også mykje kos og moro. Påske er tid for uteaktivitet, og nedanfor ser du bilde av Zoya av Harvehaugen med sin herre, i det dei leikar "kongen på haugen" :-)

 

 

 

 

Nedanfor kan du sjå bilete av alle kvelpane med sine nye eigarar:

 

Her er Zoya av Harvehaugen som no bur i nærleiken av Idre i Sverige:

  

 

Tara av Harvehaugen bur i Trysil:

Her er Tara med "far" på kontoret rett før påske:

 

Messi av Harvehaugen bur i Mo i Rana:

 

Nikki av Harvehaugen bur på Otta:

Der har ho vorte "adoptert" av ein tålmodig retriver:

 

Kodiak av Harvehaugen bur i nærleiken av Elverum:

 

Miro av Harvehaugen bur rett sør for Trondheim:

 

Daim av Harvehaugen bur i Setesdal:

 

Staut av Harvehaugen bur i Vang i Valdres:

 

Linka av Harvehaugen bur framleis på Harvehaugen. Her er eit bilete frå veterinærbesøk og vaksinering i februar:

 

 

25.12.12:

GOD JUL TIL ALLE FRÅ HARVEHAUGEN !

Ikkje det at julefreden har senka seg noko plagsamt i kvelperommet eller huset forøvrig, men i dag vart det omsider tid til å legge ut nokre nye bilete av kvelpane.

Dei byrjar verkeleg å bli aktive no, og ein eller to gonger om dagen har vi heile hurven oppe på kjøkkenet, slik at dei kan få sprunge av seg noko av energien dei har, og ellers leika, krangla, bite oss i føtene og forska ut "verden" forøvrig. Etter ein halvtime til ein time har dei fleste tissa ein gong eller to på kjøkkengolvet, og kanskje ein par tre også har bæsja litt ! Når dei då kjem ned att på kvelperommet senkar julefreden seg for ei kort stund, og Maija kan kose seg oppe i lag med oss. I kveld var Maija med på ein times spasertur, og ho sette stor pris på det. Sjølv om ho framleis mjølkar ein god del, reknar vi med at jur og spenar tålte dei 8-10 kuldegradene. Ho har lenge vore misunneleg på "tante" Aila når ho har fått sine spaserturar.

Her kjem ein liten bilderapport frå julefeiringa så langt:

 

 

 

 

Kven er det som kjem ?

 

 

 

16.12.12:

DRAMATIKK PÅ KVELPEROMMET !

I går hadde vi eit uhell på kvelprommet. Medan far i huset dreiv i kvelpebingen og vaska og skifta aviser, sprang kvelpane lause i hunderommet. Plutseleg var det ein av hannkvelpane som ynka seg og peip og ikkje ville trø på venstre framfot. Dette gjekk ikkje over, og etter eit par timar drog vi til dyrlegen for røntgen og undersøking. Det synte seg at kvelpen hadde to små brudd inne i poten, og måtte spjelkast og bandasjerast. Dyrlegen meiner sikkert at kvelpen blir 100 % frisk etter skaden, men han må truleg gå med bandasje og avlasting av poten inntil 3 veker. Difor kjem vi til å behalde denne kvelpen nokre veker ekstra, slik at vi og veterinæren kan vera heilt sikre på at skaden er 100 % bra igjen før  levering. Nedanfor ser du eit bilete av den uheldige - han klarar seg imponerande godt i kvelpekassa med sin bandasjerte fot, og får sjølvsagt mykje ekstra oppmerksomheit og omsorg av alle i huset. Inne i bandasjen er det ei skinne som tek opp belastningen for poten, slik at bruddet får gro. Korleis skaden oppsto veit vi ikkje heilt sikkert, men på ein eller annan måte har han truleg hekta fast og fått knekk på poten når han har hoppa ned på golvet frå senga til Maija (berre 16 cm høgt). At det på nokon som helst slags måte kunne gå an har vi aldri tenkt på, men ein lærer alltid noko nytt. Her kan du sjå den uheldige som har fått tilnavnet "Ibsen"

 

 

 

 

 

 

09.12.12:

4 VEKER OG EIN LITT STØRRE VERDEN !

I dag har kvelpane fått utvida sitt leveområde med ein binge utanfor kvelpekassa. Golvet i bingen er dekka med aviser, og vi la inn nytt og reint filtteppe i kvelpekassa samtidig. Dette var med tanke på at kvelpane heretter skal gå ut i bingen for å gjera sitt fornødne. Etter å ha fått servert maten ute i bingen, og ete seg gode og mette, gjekk samtlege inn i kvelpekassa for å gjera i frå seg der dei har gjort det før :-) Med andre ord : Alt er normalt og kvelpane oppfører seg slik kvelpar brukar å gjera :-)

Her kjem ein liten bilderapport frå fire vekers alder:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

02.12.12:

KVELPANE HAR FÅTT SITT FYRSTE MÅLTID MED MAT

Med såpass mange kvelpar i kullet, var det no på tide å hjelpe Maija litt med mattilgangen til dei 9. Dei fekk servert oppbløytt og mosa kvelpefor i dag, og forsynte seg ivrig, sjølv om teknikken og "bordskikken" var noko mangelfull :-)   Ellers har vi klypt dei kvasse klørne på kvelpane, slik at dei er meir forsiktige med juret til Maija når dei mjeltar for å få mjølk. Maija "serverer" også ein del ståande, slik at ho unngår noko av den røffe behandlinga frå kvelpeføtene. Kvelpane som var 200-300 gram når dei vart fødde, veg no 800-900 gram. Her kjem ein liten bilderapport frå tre vekers alder: 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

25.11.12:

DEI NI KVELPANE VEKS OG TRIVST !

Med dette kullet syner Maija verkeleg kor god mor ho er. Sjølv om ho har 9 kvelpar som skal ha sitt av mat og stell, har det vore usedvanleg roleg og god stemning i kvelpekassa med dette kullet. Kvelpane har lagt godt på seg, og har forsåvidt berre ete og sove til no. Framleis vil nok suging og soving vera hovedaktiviteten, men med "nyopna" auger får kvelpane no anledning til å registrere litt meir av det som skjer rundt seg. Fram til no har all bevegelse skjedd som "åling" der kvelpane dreg seg rundt etter framføtene. No er dei såpass store at dei så smått byrjar å stavre seg rundt på dei spinkle ustødige føtene. Utviklinga går utruleg raskt, men også den tredje veka og kanskje vel så det er det Maija som tek alt arbeidet med kvelpane. Her kjem nokre bilete som syner Maija og kvelpane i sving med dagens gjeremål:

 

 

 

 

 

 

16.11.12:

EIN TRIST ETTERMIDDAG I KVELPEKASSA 

For tre dagar sidan såg det ut til å gå bra med den minste tispa, og alle i huset var rimeleg optimistiske på at ho skulle klare seg. Det som imidlertid synte seg, var at ho ikkje la på seg noko som helst, sjølv om ho også fekk ein del mjølketillegg. I går formiddag var det tydeleg at ho ikkje hadde det bra, uansett kva vi og Maija prøvde. Trass ekstra pleie og omsorg siste døgnet gjekk utviklinga feil veg, og i ettermiddag laut far i huset ta beslutningen om at den vesle kvelpen laut få sleppe å plagast meir. Vi får heller glede oss over at dei 9 attverande kvelpane er sterke og livskraftige, og at Maija har godt med mjølk slik at dei legg på seg og veks så ein ser det frå dag til dag.

Kva som feila den minste tispa veit vi ikkje og vi får heller ikkje svar på det. I naturen er det jo slik at ikkje alle individ har livets rett, og slik er det dessverre også i kvelpekassa. Men vi er svært optimistiske på vegne av dei 9 kvelpane vi framleis har :-)

Her kjem eit par ferske bilete frå kvelpekassa i kveld. Det er enno ei stund til kvelpane rekk opp til spenane til mora :

 

 

 

 

 

13.11.12:

DET SER UT TIL Å GÅ BRA MED ALLE DEI 10 KVELPANE :-)

Også den minste tispa et godt, og vart raskt sprekare, sjølv om ho framleis er minst. Det var nok berre det at ho hadde ein litt tøff "ankomst", som gjorde at ho var litt slapp det fyrste døgnet. Maija et godt no, og har fått skikkeleg i gang mjølkeproduksjonen. Likevel gjev vi ein liten skvett med mjølketillegg til dei minste kvelpane. Med eit så stort kull skal nok Maija få "levert" all den mjølka ho kan produsere likevel ! Her kjem eit bilete som er teke av kvelpane i ettermiddag, medan Maija var ute ein ørliten luftetur. Då legg dei seg inntil kvarandre og varmar seg på kvarandre:

 

 

11.11.12:

MAIJA HAR FULL JOBB !

Det blir ikkje mykje søvn på den som er mor til 10 nyfødde !

Det blir stort sett å passe på til alle døgnets tider, at alle får og alle har det bra. Ved det minste pip frå ein av kvelpane er ho vaken og klar for det som trengst, anten det er mat, massasje eller varme:

 

 

 

 

10.11.12:

10 NYE SVARTHUNDAR FRÅ HARVEHAUGEN ?

I dag har Maija fått sitt tredje store kull, heile 10 kvelpar, der i alle fall 9 ser ut til å vera nokonlunde jamne, store, friske og levedyktige. Ei slapp og litt for lita tispe får noko spesialbehandling, så får vi håpe og sjå om ho kjem seg etter kvart. Kjønnsfordelinga vart 5 hannar og 5 tisper og 9 av dei er heilt svarte. Maija er ei roleg og flink mor som tek seg godt av kvelpane, og som ser ut til å ha kome seg vel gjennom påkjenningane så langt. No er det om å gjera at både "mor og barn" får i seg nok mat - kvelpane er rolege og det tydar på at dei har fått den råmjølka dei er så avhengige av :-)

Her kjem eit par bilete av "mor og barn":

 

 

 

 

09.11.12:

Dagen før dagen - ein mage som er "frykteleg" stor:

 

 

 

10.10.2012:

Vi har vore på ultralyd med Maija, og det er ingen tvil om at ho er drektig.

Kor menge kvelpar ho har er det ikkje så lett å sjå, men det ser ut til å vera i alle fall 4-5. Ho har byrja å legge seg ut ein god del, og det tydar også på at det vert eit normalt stort kull om alt går bra. 

 

 

Her kan du sjå eit par bilete av den flotte hannhunden som no skal bli far til sitt fjerde kull:

 

 

 

 

Stamtavla for det nye kullet kan du sjå ved å klikkeHER !

 

 

Krav til kvelpekjøparar og eksempel på kjøpekontrakt :

 

Vi stiller ein del krav til dei som får kjøpe kvelp av oss. Dette er sjølsagt fordi vi ynskjer at hundane skal få det godt der dei kjem, og at dei skal få gode moglegheiter til å utvikle seg til trivelege og gode jakt- og familiehundar.

Likeeins ynskjer vi at avkomma skal få syne kva dei vert gode for, både på utstillingar og jaktprøver. Dette er heilt avgjerande for å kunne dokumentere avlsegenskapane til foreldra.

Vi skriv kjøpekontrakt med alle kvelpekjøparane. Vi har gode erfaringar for at dei som er villige til å ta på seg litt forpliktelsar, oftast gjev kvelpane eit meir aktivt og lykkeleg hundeliv. Nedanfor er det teke inn eit forslag til kjøpekontrakt med dei punkt vi ynskjer å ha med.

Prisen på kvelpane er kr. 11.000,- for tispe og kr.10.000,- for hannhund. Kvelpane skal betalast kontant ved henting. Kvelpane kjem til å vera leveringsklare heilt i starten av januar 2013, og må hentast av kjøparen heime hjå oss. Dei vert leverte med veterinærattest og ferdig ID-merka

Stamtavle for kullet ligg som pdf-fil her.

 

Her kan de sjå utgangspunktet for kjøpekontrakta vi brukar :

 

KJØPEKONTRAKT

 

Salg av hundekvelp – Norsk Elghund Svart

 

Navn:…….………. av Harvehaugen                                                                             Reg.nr: ………./12

Kjønn: Tispe/Hann                                                                                                           Født: ??.11.2012

 

Far: NUCH Frolingens Ask                                                                                          Reg.nr : 23542/05

 

Mor: NordV-06 NV-07 N UCH Maija av Harvehaugen                                                Reg.nr:11448/05

 

Seljar/Oppdrettar: Lisbet og Sverre Høyvik                   Adresse: 2966 Slidre                  Tlf: 61 34 34 44

 

Kjøpar: ….........................................………………….Adresse:………….................…..Tlf:………………….

 

 

SELJAR FORPLIKTAR SEG TIL Å :

 

· Ordne og bekoste registrering av hunden i NKK

· Betala attende kr.3000,- tilkjøpar dersom hunden får påvist HD før 18 månaders alder

· Betala attende kr.3000,- til kjøpar dersom hunden har anatomiske feil som gjer at den får 0 pr. på utstilling. Reklamasjon må skje så snart defekten vert oppdaga, og seinast innan hunden er 18 månader gamal. Hunden må ha vore utstilt for minst ein dommar, og feilen må vera bekrefta av veterinær

 

KJØPAR FORPLIKTAR SEG TIL Å :

 

· Føre hunden på utstilling minimum 1 gong som junior (JK 9-15 mnd) og 1 gong som vaksen (AK >24 mnd ) før fylte 3 år

· Delta med hunden på jaktprøve (bandhund) før fylte 3 år

· Ordne og bekoste HD-fotografering av hunden så snart den har vorte 15 månader

· Ikkje drive avl med hunden dersom: 1) HD vert påvist eller  2) Hunden ikkje får betre enn 0 pr. på utstilling

· Varsle oppdrettar ved omstendigheiter som krev omplassering eller avliving av hunden før den fyller 5 år.

 

 

                    Kjøpesum: Kr 10.000,-/11.000,-                              Salgsdato : ……..01.2013

 

 

Oppdrettar håpar å få tilbakemeldingar på korleis kvelpen utviklar seg. Lykke til !

 

 

Slidre den ??.januar 2013

 

 

 

.........................................................................                                     ......................................................................

                        Seljar/Oppdrettar                                                                                      Kjøpar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Norsk Elghund Svart

"Svarthunden" er ein gamal rase som har utvikla seg fra lokale spisshundraser i grensetraktene mellom Norge og Sverige.

Den har eksistert som eigen rase sidan midt på 1800-talet, men er ganske sjelden både i Norge og ellers i Norden. 

Den svarte elghunden er ein typisk spisshund og minst av elghundrasene. Den er kjenneteikna av ein velbalansert og harmonisk kvadratisk bygd kropp, opprettståande spisse øyrer, halen stramt opprulla over ryggen, svart glinsande pels, stolt reisning, spenstig og atletisk. 

Størrelsen, spensten og spesielt den høge losterskelen gjer rasen spesielt godt egna som bandhund etter jakt på storvilt. Då skal hunden i band lede hundeføraren fram til viltet på ein stillferdig måte, utan at viltet merkar det.

Rasen har mindre pels enn dei andre elghundrasene. Dette gjev mindre problem under røyting og bidreg til at hunden trivst betre innandørs.  Samtidig er den tette glattliggjande pelsen med tett underull varm nok ute ein kald vinterdag.

Den svarte elghunden er ein roleg, hengiven hund som knyter seg sterkt til familien. 

I møte med andre hundar og spesielt hannhunder av same rase, skal ein vera merksam på rasen si djervheit og modige framferd ! Desse evnene var tidlegare høgt verdsette i tett dyrekontakt og på jakt etter bjørn.

Den svarte elghunden har synt seg spesielt godt egna som bandhund, og har gjennom systematisk avl vorte ein spesialist på denne jaktforma. 

Ein hund som får utnytte desse eigenskapene i jakt- og treningssamanheng og som får vera ein del av familien, vil fungere godt og bidra positivt til nærmiljøet heile året.