KLIKK HER FOR Å KOMA ATTENDE TIL FRAMSIDA

SS

 

 

Her kan du bla deg gjennom ein "logg" med tekst og bilete frå forrige kull vi hadde - våren 2010

Vil då sjå utviklinga på kullet i frå fødsel til levering må du starte heilt nederst på sida og bla deg oppover att :

 

22.04.2010 • Alle kvelpane er levert, og har kome godt i gang i sine nye familiar !

Den siste av dei 9 kvelpane leverte vi sundag den 18.april. Dermed har alle teke "det store spranget" over i ein  ny familie og ein heilt ny tilværelse. Vi har fått positive tilbakemeldingar frå alle, og det høyrest ut til at både lange heimreiser og overgangen til ny heim har gått rimeleg bra for alle kvelpane. Kvelpekjøparane har teke vel i mot dei svarte sjarmtrolla, og sjølv om matlysta kanskje var litt dårleg for ein del av kvelpane i ei overgangsperiode, har dette også gått seg til høyrest det ut til. Når den siste kvelpen flytta ut, fekk Maija selskap med Sara og Aila i hunderommet att, slik at det ikkje vart heilt stille der nede. Også Maija har takla overgangen godt, men det hender nok framleis at ho vil ned på rommet ein tur, for å sjå etter kvelpane sine.

Vi har fått bilder, SMS'ar, mailar og telefonar frå kvelpekjøparane i ettertid, og det set vi stor pris på. Ingen må vera redde for å ta kontakt for å drøfte spørsmål og utfordringar som måtte dukke opp ! Det er ein del av ansvaret med å selje kvelpar. Her kjem nokre bilete av dei 5 kvelpane som vart henta sist helg:

 

Tine av Harvehaugen med sin nye herre:

    

 

Mira av Harvehaugen med sin nye familie:

 

 

Piaget av Harvehaugen med sin nye familie. Trass sitt franske navn som uttalast "piasje", skal kvelpen framleis vera norsk som nokon, og jakte hjort i det vestlandske kystlandskapet.  

 

 

Gard av Harvehaugen med sin nye familie:

 

 

Fant av Harvehaugen med sin nye herre:

 

 

Blide karar med Fant av Harvehaugen, som nok er litt meir betenkt:

 

"Fivill" som no heiter Fant av Harvehaugen, vart henta sist av dei 9 kvelpane, og var vel kanskje den i kullet som hadde fått mest oppmersomheit. Dette på grunn at han frå dag 1 var lett å skille frå dei andre i kullet på grunn av den kvite sommarfuglforma brystflekken. For øyeblikket med "litt" store øyrer, men det kan godt hende dei kjem til å bli akkurat passe etterkvart : 

 

 

11.04.2010 • 4 av kvelpane vart levert i helga !

Sist torsdag var alle kvelpane ute på sin fyrste biltur. Då var vi hjå veterinæren for å sjekke at alt var i orden med alle og få veterinærattest på det, samt at alle kvelpane vart ID-merka med mikro-chip. På laurdag vart dei tre fyrste kvelpane henta, og i dag har vi levert den fjerde kvelpen. Vi har fått tilbakemeldingar om at kvelpane har takla både lange bilturar og overgangen til sine nye heimar bra så langt. Det er godt for oss å høyre. Her kjem nokre ferske bilete, både av kvelpar og spente kvelpekjøparar:

 

Valgets kvaler ?

 

 

 

Black Taiga av Harvehaugen med sin nye herre:

 

Luna av Harvehaugen med sin nye herre:

 

Rocky av Harvehaugen med sin nye herre:

 

Borr av Harvehaugen med sin nye herre:

 

Ein god medhjelpar i passasjersetet er greit å ha når ein skal hente kvelp. Her er det Borr av Harvehaugen som er klar for avreise:

 

Alle 9 på tur til veterinærkontroll:

 

 

 

 

30.03.2010 • "Sisten" og "uteservering" på terassen !

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

29.03.2010 • Ut i påskesola for fyrste gong !

I går ettermiddag hadde vi varm og god sol på terassen, og benytta anledningen til å ta med alle dei 9 kvelpane ut. Overgangen frå kvelperommet kjendest nok stor og skummel eit lite øyeblikk, men det gjekk ikkje mange minutt før leiken og livsgleden verkeleg fekk utfolde seg. Her kjem nokre bildeglimt teke ute i går, alder på kvelpane er no fem og ei halv veke :

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

21.03.2010 • Kvelpane er no vesentleg meir aktive, søte og sjarmerande:

Her kjem nokre nye bilete tekne denne helga. Det er no kvelpane verkeleg byrjar å få ein utsjånad og oppførsel som sjarmerer dei fleste i senk. I går feira jenteungen i huset 8-års dag, og dei av veninnene som ville, fekk halde og kose med kvar sin kvelp. Det var populært, og fleire syntest det var veldig trist at alle kvelpane var borttinga !Siste veka har vi også hatt besøk av to av kvelpekjøparane, og to nye er venta på besøk komande helg. Det synest vi er flott, og gjev oss sjansen til å bli litt betre kjende med folket. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

10.03.2010 • Alle dei 9 kvelpane i kullet er no tinga bort ! 

Andre som måtte vera på jakt etter kvelp, bør kunne finne eit alternativ ved å kontakte nokon av dei som har kull på gang, sjå kvelpelista på elghundforbundet si heimeside: http://www.elghundforbundet.no/?side=196

Ellers har kvelpane fått smake på fast føde for fyrste gong i dag, det vil seia kvelpefor oppbløytt i varmt vatn tilsett litt mjølkepulver. Det fall tydeleg i smak hjå alle, og var ei høveleg markering i anledning 3 vekers fødselsdag ! Kvelpane som vog frå 220-330 gram då dei vart fødde, veg no mellom 900 og 1100 gram. 

 

 

 

 

 

  

 

04.03.2010 • Kvelpane er to veker gamle - Nye bilete !

Alle dei 9 kvelpane er friske, veks og trivst ! Maija har nok ikkje så mykje mjølk som kvelpane kunne ynskje og ha nytte av, difor har vi no starta opp med litt tilleggsforing. Det vil i praksis seia at kvelpane får ein "påtår" med mjølk frå flaske 2-3 gonger i døgnet. Det er faktisk tørrmjølkspulver av geitemjølk som er hovudinnhaldet i tillegget. Dette vert blanda ut med lunka vatn og går ned på høgkant ! Flaskeforing av kvelpane er ein attraktiv jobb for ungane i familien ! Nedanfor fylger ein liten bilderapport frå 2 vekers alder på kullet :

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
22.02.2010 • Maija fekk 9 kvelpar onsdag 17.februar !
Maija fekk 9 friske og velskapte kvelpar den 17.februar, 4 hannar og 5 tisper ! I tillegg fekk ho ein kvelp som var dødfødt, men denne hadde tydelegvis vore daud nokre dagar. 10 kvelpar er svært mange for ein såpass liten rase, men alt gjekk greit under fødselen og så langt har alt har gått greit etterpå også. Det tok nokre dagar før mjølkeproduksjonen til Maija kom skikkeleg i gang, men kvelpane har vore rolege og fornøyde hele tida, og det er det sikraste teiknet på at alt er som det skal. Vi har tenkt å legge ut nokre bilete av kullet etterkvart som kvelpane utviklar seg, og her kjem dei fyrste "offisielle" bileta av mor og barn: 
 
 
Kvelpane er no 5 dagar gamle, og byrjar å få den gode runde kvelpeformen:
 
 
Maija har full jobb døgnet rundt med vasking og stussing, massasje og "nussing":
 
 
Maija er ei særdeles god og ansvarsfull mor, som ikkje sluntrar unna med massasje, vask eller stell. Dette er særdeles viktig rett etter fødselen, for å få i gang lunge- mage- og tarmfunksjon hjå kvelpane.
Også på dette biletet er kvelpane berre nokre få timar gamle:  
 
  
Her kviler Maija etter fødselen medan kvelpane får mjølk, her er kvelpane berre nokre timar gamle:
 
 
 
  Her er eit bilete av Maija og magen hennar, teke nokre få dagar før fødselen:
 
 
 
07.02.2010 • Maija har gått drektig 7 av 9 veker
Nedanfor har eg sett inn eit par bilete av den vordende mor. Maija byrjar å bli tung i kroppen, og er svært roleg å ha i hus no om dagen. Ho likar godt å ligge på magen, og blir då ganske "pæreforma" sett ovanfrå. Også når ho ligg på sida er det lett å sjå at magen er stor, og at jur og spenar byrjar å bli "klare". Trass tyngda vil ho gjerne vera med å gå tur, men i dag vart det ikkje så lang tur. Ikkje på grunn av at Maija ikkje vil, men på grunn av kulden. Som de ser på det eine biletet er det lite pels rundt spenar og jur, og dermed skal det mindre til før det kan oppstå frostskader. Det hadde sikkert gått bra, men vi tek ingen sjanser no ! "Utstyret" må vera i orden når kvelpane kjem !
 
 
 
 
  
 
 
Det byrjar å nærme seg tid for kvelping her i huset. Det er framleis vel 3 veker att til "termin", men det er lett å sjå at Maija er drektig no. Ho er ganske rund alt, og det tyder etter vårt skjønn på at kullet kan bli middels stort eller stort. Apetitten har teke seg opp i det siste, og vi har gradvis auka formengda og gått over til å fore Maija med kvelpefor. Det er dei siste tre vekene tispene verkeleg legg på seg og treng ekstra næring til kvelpane dei har i magen. Maija er like sprek og likar godt å vera med på tur, trass den veksande magen. Her om dagen fekk ho seg imidlertid ei lita overrasking, då ho skulle hoppe over eit gjerde som vanlegvis ikkje er til noko heft - ho hekta litt med eine bakfoten og halta litt etterpå. Eg tenkte at ho kanskje tok lærdom av dette, men ho hoppar framleis - ho passar berre på å ha litt meir fart og at ho kjem beint på når ho skal hoppe !
 

22.12.2009 • Nytt kull på Maija av Harvehaugen 

Vi har fått godkjenning frå avlsrådet på å bruke NUCH Svart Hunden's Castor 21802/06 på vår eigen tispe  INT N UCH NordV-06 NV-07 11448/05 Maija av Harvehaugen. 

 

Paring skjedde 20. og 21.desember, og vi forventar kvelping omkring 20.februar 2010. Kvelpane vil vera leveringsklare i midten av april. Meire informasjon til interesserte kvelpekjøparar finst på sida til Maija - klikk på "Maija av Harvehaugen" i den svarte menylinja ovanfor.

 

Til høgre: Maija som kvelp

 

 

 

 

INT N UCH NordV-06 NV-07 11448/05

Maija av Harvehaugen

 

 

 

 

NUCH Svart Hunden's Castor 21802/06